Nybyrjar samling
Vi er glade for og sjå at det er komne og kjem enda fleire nye hundeeigara med gjetarhund rundt om i Nordfjord.
Vi vil derfor legge opp til eit kurs for desse. Kurset er meint for dokke som ferske med gjetarhund om det er kvelp eller ferdig trent hund, kan vår instruktør hjelpe dokke igang med treninga av hunden din.
Kurset tek føre seg det grunnleggande med gjetarhund og korleis kome igang med treninga .
Vi legg opp til både teoretisk og praktisk innføring i korleis du skal kome i gang med hunden din.
Her får du prøve hunden på sauer som er godt vande med hund i egna område.
Kurset blir med godkjent innstruktør frå laget. Vi tek første samlinga i mai og så avtalar vi vidare då.
Tek totalt tre samlingar som kun er for ferske førara. Etterpå legg vi til rette så dokke kan kome på fellestreningar rundt om i Nordfjord.
Nordfjord Gjetarhundlag tilbyr dette kurset gratis til sine medlemmar. Viss andre har lyst og vere med kan dei det.
Det kostar 600 kr for dei som ikkje er medlem .
Vi håpar mange kjem og vi skal gjere vårt for å hjelpe dokke igang.
Meir info kjem når det nærmar seg !!