Årsmøte for Nordfjord gjetarhundlag 11.03.2015

Møtet blei halde på veterinærloftet på Eid klokka 20.00

Desse møtte: Ida Elisabeth L. Ohrvik, Janne Os, Ailen Skogeng, Halvor Tenden, Mirjam Friberg, Magnus Grimeland, Gunn Sande, Ingunn Reme, Janne Håheim, Margrethe Garlid og Egil Syversbråten.

 

Sak 1: Ailen ynskte velkommen. Gunn Sande blei valgt til møteleiar, ida Elisabeth vart valgt til sekretær.

Sak 2:Innkalling og saklista blei godkjent. Lita merknad om at årsmøtet bør haldast før 31.jan.

Sak 3: Ingunn og Margrethe blei valde til å skrive under protokollen i lag med møteleiar.

Sak 4:Årsmeldinga blei opplesen av Ailen. Ho hadde ei tilføying om at FM blei arrangert med dobbelhenting og at dette bør tilførast i årsmeldinga. Årsmeldinga blei godkjent.

Sak 5:Ingunn las opp reikneskapen. Denne er revidert av Janne Os og Linda Alsaker, deira revisjonsmelding blei opplesen.  Ailen gjorde rede for kva som ligg i posten leverandørgjeld. Reikneskapen blei godkjent.

Sak 6:Styret kom med forslag om at kontigenten fortsatt skal vere kr 300,-. Dette blei einstemmin godtatt.

Sak 7:Godtgjerdsla som årsmøtet i fjor bestemte skulle gå til leiar på kr 500,- i telefongodtgjerdsle blei einstemmig vedtatt vidareført.

Sak 8: Val

Magnus Grimeland blei einstemmig vald til leiar. Styremedlemmer Ida Elisabeth Lien Ohrvik og Ingunn Reme tok gjenval for to år. Margrethe Garlid valgt inn som ny for eitt år.

 

 

Leiar Magnus Grimeland 1 år

Styremedlemmer Janne Håheim 1 år, Margrethe Garlid 1 år, Ingunn Reme 2 år og Ida Elisabeth Lien Ohrvik 2 år

Varamedlemmer: 1.vara:  Frode Gjerde 1 år. Deretter blei det ei votering over Stig Arne Bugjerde og Mirjam Friberg om 2.varaplassen. Denne gjekk einstemmig til Mirjam Friberg og ho blei valgt til 2.vara for 1 år. Nils Sandnes blei deretter valgt til 3. vara.

Revisorar: Både Janne Os og Linda Alsaker tok gjenval og dei blei valde.

Valnemnd: Knut Alsaker 1 år(leiar)

                     Jan Kristiansen 2 år

                      Ailen Skogeng 3 år (ny)

Sak 9:Innkomne saker: Magnus informerte om møtet i fylkesnemnda der reglane for uttak til NM skulle reviderast. Der blei det bestemt at ein ikkje kan gå NM utan å stille på FM. Dispensasjonfor dette kan kun gjevast av lege eller veterinær. Det er ikkje lenger nok å vere i Norgescupen. Magnus kunne ikkje stemme over dette forslaget fordi vi i Nordfjord ikkje hadde halde årsmøte. Magnus kunne derfor ikkje stemme på vegne av Nordfjord.  Dette vedtaket skal stå i 5 år.

Diskusjon over dette: Gunn meinte at vi bør sende inn eitt innspel på at leiar i SFSG ikkje bør stå som leiar i Fylkesnemnda. Dette var Ailen einig i. Årsmøtet bestemmte at årsmøtet skal sende eitt innspel på dette til neste års årsmøte i SFSG.

Forslag frå Janne Håheim og Gunn Sande:

Med årsmøtet si velsigning skal det nye styret utarbeide eitt utkast til eitt skriv til SFSG når vi har undersøkt kva dei andre fylka gjer. Altso om leiar i fylkeslaga er leiaren i fylkesnemnda. Dette skal takast med til eitt medlemsmøte som deretter har årsmøtet si godkjenning om å utarbeide eitt skriv til SFSG sitt årsmøte. Dette blei einstemmig vedtatt.

Deretter snakka årsmøtet litt laust og fast om uttaksreglane for uttak til NM utifrå at FM skal vere avgjerande for uttaket. Dei manglar rom for andre uforutsette hendingar som kan oppstå som gjer at fylkets beste hundar ikkje har mulighet for å stille FM samtidig som det er den prøva som tel lite i poeng i forhold til norgescupprøvene. Det vart og uttrykt skepsis om punktet som seier at distriktsprøvene ikkje skal telje som uttak då dette kan føre til at kvalitet og antall deltakarar på distriktsprøvene kan falle i interresse. Dette trur årsmøtet vi ikkje skal uroe oss over då den viktigaste oppgåva vi har er å få opp breidda  i gjetarhunden som arbeidshund og ikkje så mykje på konkurransehunden. Derfor vil vi fortsatt arbeide for distriktsprøver, treningar og fellestreningar som alle med interesse for gjetarhunden kan vere med på. Røynde gjetarhundfolk som hjelper nybegynnarane er det aller viktigaste. Vi har ynskje om å få til faste treningsområder på forskjellige dagar som er opne for alle samt område som folk fritt kan komme å trene på ( dersom dette er lov frå mattilsynet si side ).

Det nye styret fekk i oppgåve å utarbeide treningsbaner og tider samt å informere medlemmane om desse.

Sak 10:Arbeidsplanen blei lagt fram av Ailen.Denne inneheldt kurs, treningsplassar, DP i Olden og på Kvalheim,landsprøve? Årsmøte innan 31.jan 2016. Det nye styret fekk i oppgåve av årsmøtet å utarbeide dette på ein plan som skal sendast til medlemmane.

Budsjettet for 2015:Tillagt i budsjettet bør vere utgiter til leige av utstyr. Styret bør søkje om tilskot frå SFSG om diverse. Forslag om å endre posten «overskot utgifter» til «diverse utgifter gjetarhundprøver». Arbeidsplan og budsjett einstemmig godkjent med dei endringane som ligg føre.