OPEN SAUEFJØS  1-2-3

 

Eid sau og geit og Eid Bondelag inviterar til open sauefjøs 1-2-3 den 22.mars.

 

Vi vil invitere til ei samling der vi set fokuset på forskjellige sauefjøsløysingar.

Vi skal innom tre forskjellige fjøsar: hos Knut Tore Nes Hjelle som har ein nylig påbygd sauefjøs som er ein kaldfjøs med foringshekk og kraftforautomat, hos Anne Moen som har forskjellige golvløysingar og forutleggar og hos Arve Dahl som har tallefjøs med forhekkar.

Under samlinga vil det bli høve til å snakke med representantar frå Fjøssystemer,Nortura,Felleskjøpet,Landbrukssystemer og Innovasjon Norge.

Vi legg ikkje opp til eitt strengt opplagt tidsskjema men vil ta oss den tida som vi treng på dei forskjellige stadane.

Hovedtyngda vil likevel foregå hos Knut Tore der det vil bli grilling av Nortura samt laust og ledig saueprat over kaker og kaffi!

 

Frammøte blir hos Knut Tore klokka 10.00

Alle er hjerteleg velkomne!