Kovedalen og Lomtjønnhei Beitelag
Kovedalen og Lomtjønnhei Beitelag hadde årsmøte 11. april 2011.
Årsmøtet var hjå AT Skog i Sauland.
Det møtte 7 medlemmer.
Da det ikkje har vore årsmøte i Beitelaget dei siste åra p.g.a. sjukdom, så vart det ikkje lagt fram rekneskap og årsmelding.
Åse vart vald til referent.
Årsmøtet var einige om å sette opp eit sankekve i nærleiken av Skulkhaug og utbetre det ved Beggestul. Vidare skal me ha dugnad på kveet ved Nystul den siste helga i august. Sankinga startar fyrste helga i september. Svein innhentar pristilbod på netting og stolpar. Beitelaget vil ha eit lager av dette hos Tone Karin og Rune. Beitelaget dekker utgiftene til sankeradio for Kjetil.
Årsmøtet vedtok nye vedtekter for laget, da me ikkje veit kva vedtekter som gjeld.
Svein Arvid Tørre vart vald til leiar, og Åse Skårnes til kasserar for 2011. Rekneskapsåret for laget fylgjer kalenderåret, og årsmøte skal haldast før 1. mars kvart år.