Me samlast ved hytta til Olav og Gregar. Der vil me grille og kose oss. Hans Jørgen Aase har sagt seg villig til å halde eit foredrag om beitebruk både i innmark og utmark. Her kan det væra mykje nyttig informasjon for til dømes beitalaga.

Det går storfisk i Heddersvatn, og det er mogelegheit til å fiske. Det er òg satt opp ein lavvo, slik at dei som ynskjer det, kan overnatte.

Kvar og ein må ta med grillmat og drikke. Styret ordnar med grillar.

Dette er ei samling som både små og store vil ha stor glede av, så me håpar mange nyttar seg av denne mogelegheita til å få ei minnerik St.hans-feiring.

Spørsmål rettast til Morten på tlf. 95761338 eller e-post: morten.hedegart@at.skog.no