NM i saueklypping og ullhandtering 2026 i Bjerkreim
Klyppar og ullhandterar, velkomne til Bjerkreimsmarken og NM i saueklypping og ullhandtering i Bjerkreim 25.-26. september 2026!
Påmeldingen er nå open , så det er bare å hive seg med!
For 10. gong skal Bjerkreim vera vertskap for NM i saueklypping og ullhandtering! NM blir arrangert samtidig som den tradisjonsrike Bjerkreimsmarken, som i år feirer 40-års jubileum. Bjerkreimsmarken har sin historie i saueutstillinga som har blitt arrangert på Vikeså tilbake til 1940-talet. Det er ikkje tvil om at sauen har ein heilt sentral plass i kommunen vår. I mars i år var det registrert 16150 vinterfora sau i Bjerkreim, noko som gjer kommunen til landets tredje største sauekommune!
Les mer om NM på Bjerkreimmarken her.
Arrangør: Bjerkreim Sau og Geit, Rogaland
Dato: 25. – 26. september
Stad: Vikeså sentrum – Bjerkreimshallen
Overnatting: Det er få overnattingsplasser på Vikeså, derfor har NM-komiteen ordna med leie av gamle Bjerkreim omsorgssenter. Her er det mogleg å overnatta på dobbeltrom eller på sovesal. Dette er reservert deltakarar og dommarar. Det vil også vera bobilparkering i kort gå-avstand til NM-hallen. Det er nokre moglegheiter for hytte-utleiege i kommunen. Sjekk: Overnatting i Bjerkreim
Vikeså ligg langs E-39, 50 minutt kjøring frå Stavanger og Sola Flyplass og 30 minutt kjøring frå Egersund. Vy ekspressbuss stopper på Vikeså.
Det blir speedklypping med pub fredag kveld, og bankettmiddag og konsert med Gunslingers på lørdag kveld.
Klassane er opne for påmelding.
Meld på innan fristen 31.08 - så sparer du 200,- per klasse (ordinær pris i parantes):
Junior: Opptil 50 dyr per dag (8 timer): 325,- (525,-)
Mellomklasse: 51 – 100 dyr per dag: 525,- (725,-)
Senior: 101 – 200 dyr per dag: 775,- (975,-)
Open klasse nasjonal - NM: Over 200 dyr per dag: 775,- (975,-)
Open internasjonal klasse: Over 200 dyr per dag: 775,- (975,-)
Ullhandtering open nasjonal NM: 775,- (975,-)
Handsaks (må være deltaker i anna klasse): 100,-
Speedkypping (fredag kveld): 200,- (300,-)
Kvar klyppar kan delta i 2 hovedklasser – (handsaks og speed er utenom).
Pris inkluderer deltaking+bankett+konsert Gunslingers
