Banner Banner Banner Banner

Interesselaget for farga spælsau

Aktivitetskalender

  Mai 2020
Ma Ti On To Fr
    123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
       

Siste publiserte artikler

  • Vedtekter

    26.08.2011 | Skrevet av Sigve Frøland

     

    Vedtekter for interesselaget for farga spælsau.

    Vedtatt på stiftingsmøte 19.03.11.

    § 1       LAGET

    Namnet til laget er ”Interesselaget for farga spælsau”.

     

     § 2       FØREMÅL

    Laget har til føremål å taka vare på og å utvikle spælsauen med dei fargane som naturleg høyrer til rasen, samstundes som han skal stette krava til ein robust og lønsam sau. Laget har òg til føremål å betre rammevilkåra for denne sauen.

     

    § 3       OVERORDNA AVLSMÅL

    Årsmøtet vedtek overordna avlsmål.

     

    § 4       ORGANISASJONSFORM

    Laget er ein sjølveigande og frittståande juridisk person med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld. Laget kan ikkje taka økonomisk risiko. Laget skal samarbeide med Norsk Sau og Geit (NSG) om avl og økonomi, deriblant værlamkåring, ringdrift og gransking.

     

      § 5       MEDLEMSKAP

    Laget er ope for alle som har interesse for fleirfarga spælsau. Medlemskapen er personleg og knytt til betalt medlemskontingent, fastsett av årsmøtet.

     

    § 6       ARBEIDSÅRET

    Rekneskaps- og arbeidsåret følgjer kalenderåret.

     

    § 7       ÅRSMØTET

    1.         Innkalling

    Årsmøtet er det øvste organet i laget. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars. Berre medlemer har rett til å deltaka aktivt på årsmøtet med tale- og røysterett. Ein medlem kan la seg representere med skriftleg fullmakt.

    Styret kallar inn til årsmøte med varsel på minst 1 månad, direkte til medlemane. Framlegg som skal handsamast på årsmøtet skal vera sende til styret seinast 3 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste skal vera tilgjengeleg for medlemane seinast 2 veker før årsmøtet.

    Årsmøtet kan ikkje gjera bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i saklista.

     2. Krav til vedtak

    Einskildvedtak krev vanleg fleirtal blant dei frammøtte for å vera gyldige. Vedtektsendringar krev ⅔ fleirtal.

    Val skal gjerast skriftleg dersom nokon av dei frammøtte krev det. Blanke røyster blir ikkje rekna med ved skriftlege røystingar.

    Jamlike røystetal ved val skal avgjerast ved lutdraging. Ved jamlike røystetal elles avgjer møteleiaren røystinga.

     Årsmøtet er vedtaksført når det er kalla inn på lovleg måte.

     3. Årsmøtet skal

    • velje møteleiar;
    • velje sekretær;
    • godkjenne innkalling, fullmakter og sakliste;
    • velje to personar som, saman med leiaren, skal skrive under protokollen;
    • handsame årsmeldinga , den reviderte rekneskapen, arbeidsplanen og budsjettframlegget frå styret;
    • velje leiar for eitt år på fritt grunnlag;
    • velje to styremedlemar for to år og tre varamedlemar for eitt år i nummerorden;
    • velje to revisorar med to vararepresentantar for eitt år;
    • velje valnemnd på tre personar. Årsmøtet vel ein ny medlem til valnemnda for tre år. Leiar av valnemnda er den som har vore medlem i to år;
    • fastsetje medlemskontingent;
    • fastsetje eventuell godtgjersle for tillitsvalde;
    • handsame innkomne saker og andre saker som er nemnde i innkallinga.

     

     § 8       OMFRAMT ÅRSMØTE

    Omframt årsmøte skal haldast når styret eller minst ⅓ av medlemane krev det. Frist og framgangsmåte for innkallinga er den same som for vanleg årsmøte. Saklista skal følgje innkallinga. De kan berre gjerast vedtak i dei sakene som er nemnde i saklista.

    Det skal førast protokoll for møtet. Protokollen skal skrivast under av leiaren og to personar valde på møtet.

     

    § 9       STYRET

     1. Samansetjing

    Laget blir leia av eit styre på fem medlemar. Styret er vedtaksført når minst tre medlemar er til stades. Når berre tre styremedlemar er til stades, må gyldige vedtak vera samrøystes.

    Styremøte skal haldast når leiaren finn det naudsynt, eller når minst to av styremedlemane krev det.

    Utanom leiaren konstituerer styret seg sjølv.

     2. Etter retningsliner frå årsmøtet skal styret

    • skipe til årsmøte, leggje fram årsmelding, revidert rekneskap og framlegg til budsjett og arbeidsplan;
    • leie arbeidet i samsvar med føremålet og det vedtekne budsjettet;
    • krevje innbetaling av medlemskontingent;
    • gjera avtale med NSG om økonomisk, praktisk og fagleg samarbeid;
    • i lag med NSG, syte for opplæring av kåringsdomarar;
    • velje ut vêrar til semin;
    • gjennomføre andre saker som årsmøtet pålegg styret.

     3. Protokoll

    Det skal førast protokoll for styremøta. Protokollen skal vera tilgjengeleg for medlemane.

     

    § 10     OFFENTLEGE REGISTER

    Leiaren i laget har ansvaret for og fullmakt til å melde laget inn i aktuelle og lovpålagte offentlege register.

     

     § 11     OPPLØYSING

    Oppløysing av laget kan berre skje når to årsmøte etter kvarandre gjer slikt vedtak med ¾ fleirtal.

    Dersom laget blir oppløyst, skal eventuelle økonomiske midlar overførast til NSG.

     

      § 12     VEDTEKTSENDRINGAR

    Endring av desse vedtektene krev ⅔ fleirtal av dei frammøtte på årsmøtet.          

    Les mer

Móri

Ingvar og Grome

 
Interesselaget for farga spælsau
Org. nr.: 997 275 810
Bankkontonr.
1503.23.76034
Medlemskap: e-post: okjorstad@hotmail.com