Styret godkjennde vedtekter i 9 punkt etter framlegg frå leiar i Vest-Agder Sau og Geit

Styret  har 5 medlem. I tillegg har det kasserar og sekretær. Kasserer er alltid frå Vest-Agder Verering.  Desse 2 har ikkje stemmerett.

 Leiar skal vera frå Vest-Agder Sau og Geit. 3 frå Organisert beitebruk og 1 frå dei lokale beitelaga i fylket. Leiar for nåverande styre er Sven Haughom frå Haughom i Sirdal.

Styret har ein startkapital på kr 221 100.  Dette året kjøper dei inn 110 sporingsbjøller som skal leigast ut til sauehaldarar som søkjer Radiobjøllestyret om leige.

Sauehaldarar som har sau på beite i område der det dei siste åra er dokumentert rovviltskade av freda rovvilt skal prioriterast ved utleige av bjøller. Det same gjeld for område der tapa er unormalt store utan dokumentasjon av årsak.

Beitelag/sauehaldarar som vil leiga bjøller må søkja styret ved sekretæren innan 1. februar 2016.  Adressa er: Oddvard Galdal, Tonstadvegen 103, 4436 GYLAND.

Leigepris for komande beitesesong er sett til kr 250,-

 

Sekr

Oddvard Galdal

12.12.2015