Breim Sau og Geit får dispensasjon for jakt på rev i fredningstid,
Søknad om dispensasjon frå fredningsbestemmelsane for jakt på raudrev
2012
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
Gloppen Sau og Geit, Breim Sau og Geit og Hyen Sau og Geit søkjer saman om dispensasjon
frå fredningsbestemmelsane for raudrev for perioden 15.04.2012 - 15.07.2012. Grunngjevinga
er ein vil halde tapstal for småfe i kommunen så låge som mogleg ved å kunne ha høve til å ta
ut rev og hi som fører til tap av lam på vårbeite. Dei legg vekt på at uttak berre skal skje etter
dokumentert skade på småfe frå raudrev, og at kvelpar skal takast ut før mora dersom det vert
hijakt.
Saksutgreiing:
Småfehaldet i Gloppen kommune er svert viktig både som produsent av mat, inntektskjelde
og resursutnyttar i skog og utmark. Store deler av utmarka vert nytta som beite for sau og geit.
Årleg vert det sleppt 10000 og 11000 i Gloppen. Det er 3 Sau og Geitealslag i kommunen der
medlemmane er organisert 22 sanke- og beitelag som dekkjer heile kommunen. Ein har ikkje
statistikk for tap av lam på vårbeite, men om lag halvparten av beitelaga nemner at bestanden
av raudrev er aukande. Raudrev vert nemnt som ein av årsakene til tap på utmarksbeite.
Det er varierande tradisjon for jakt på raudrev i Gloppen både i tid og stad. Ein har ikkje tal
for felte raudrev totalt. Frå tid til annan gjev kommunen løyve til fangst av rev med slagfelle,
men det er ordinær revejakt på åte som er den viktigaste jakta på rev. Frå fleire deler av
kommunen vert det meldt om aukande bestandar av rev, og aukande problem med lammetap
på vårbeite. Meldingar om meir skabb på rev tyder også på aukande tettleik i bestanden.
Gloppen kommune har skotpremie for raudrev på kr 150. Ordninga er lite kjend og det er
ikkje kvart år det vert betalt ut skotpremie. Gloppen Sau og Geit har i tillegg skotpremie på kr.
150. for raudrev.
Våren 2011 vart i alt 4 lam teke av rev i Bukta. Eit lam vart funne på beite og Statens
Naturoppsyn sin rovviltkontakt dokumenterte av raudrev hadde teke lammet. Kommunen ga
etter søknad løyve til uttak av revehi, og eit hi vart teke ut. Kommunen har ikkje tidlegare fått
søknad om uttak av revehi. Slike løyve vert handsama politisk og tida frå søknad til løyve kan
gjevast vert ofte for lang til ein kan hindre ytterlegare skade. I 2011 var det møte i Teknisk
Landbruk og kulturutvalet eit par dagar etter søknaden kom inn, slik at ei fekk handsama
søknaden raskt. 2 revetisper er teke ut under ordinær jakt i 2012.
side 5
I Jølster er det gitt løyve til hijakt på raudrev i fleire år. I 2009 vart det gitt betinga
fellingsløyve på raudrev i form av hijakt. Det vart dokumentert lam tatt av raudrev på 4
plasser i Jølster, og det vart gjeve løyve til uttak av hiet i tråd med vedtaket om betinga
fellingsløyve. Det vart teke ut eitt hi med kvalpar.
Det er gitt betinga løyve til uttak av skadegjerande raudrev med kvalpar både for 2011 og
2012. Eit slik løyve vert effektuert administrativt så raskt som skade vert meldt til kommunen
og dokumenter så godt slik let seg gjere.
Gloppen Sau og Geit, Breim Sau og Geit og Hyen Sau og Geit søkjer om eit liknande betinga
løyve til uttak av rev som Jølster Sau og Geit har hatt i nokre år.
Det er viltlova av 1981 og naturmangfaldlova av 2009 og forskrifter med heimel i desse
lovene som er grunnlaget for forvaltning av alt vilt. Alle typar vilt er i høve til dette freda,
men det kan opnast for jakt på artar som representerar eit haustbart overskot, eller at dei har
resursbetydning. Det skal og før det vert opna for jakt leggjast vekt på jakt- og
fangsttradisjonar i området og den eventuelle skaden viltet gjer på omgivnadane. Det er med
bakgrunn i slike vurderingar at det vert opna for jakt, og dermed fastsettas jakttider for dei
ulike artane. For raudrev er det fastsett same jakttid for heile landet i perioden 15.07 til og
med 15.04.
Heimelen til å gje løyve til felling i fredingstida finn ein i Naturmangfaldslovas § 18 (Annet
uttak av vilt og lakse- og innlandsfisk etter vurdering av myndighetene.) Heimelen er vidare
utdjupa i forskrift av 01.09.1997 (Om felling av viltarter som gjør skade) som definerer
skadetypar, omfang og kva artar det er tillete å felle med heimel i denne forskrifta. Forskrifta
er heimla i viltlova. I kapittel II punkt b i denne forskrifta, er raudrev definert som ein viltart
det kan gis fellingsløyve på, og i siste ledd står det at kommunen kan gje løyve til hijakt på
raudrev dersom denne gjer vesentleg skade på beitande bufe.
Vidare er det fastsett retningsliner for handsaming av sakar etter denne forskrifta, her er det
teke inne kva føresetnadar som skal liggje tilgrunn for å gje løyve til skadefelling, og
Direktoratet for Naturforvaltning seier mellom anna dette: ”Det er Direktoratet si føresetnad
at felling av skadegjerande vilt skal vere eitt av fleire verkemiddel for å hindre eller avgrense
skadar. Det er likevel eit ufråvikeleg prinsipp at forskriften ikkje skal praktiserast slik at det
medfører ei utholing av lovas prinsipp om freding i yngletida. Det er difor naudsynt at visse
kvalifiserte krav må vere tilfredsstilt før eventuell felling settast i verk. Viltlovas § 14 set krav
om at skade skal ha skjedd. Dette må forståast slik at den skal å skjedd inneverande sesong,
og at det er av vesentleg tyding for den skadelidne, eller som ville få tilsvarande tyding om
skaden hadde forsett”.
Det står vidare at det i visse høve må vere rom for å gje betinga løyve til felling av viltartar
som gjer skade: ”Løyve til felling skal primært vere med bakgrunn i ein akutt skadesituasjon,
men det er høve til at ein med bakgrunn i tidlegare skadeproblem kan gje løyve til felling. I
slike høve bør ein gje betinga løyve til felling som settast i verk først når skaden igjen skjer.
Slike løyve kan gis av kommunen, fylkesmannen eller direktoratet. Det bør knytast vilkår til eit
slikt løyve”.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen –skotpremie for raudrev skal berre betalast ut for rev innafor ordinær jakttid.
Rådmannen si vurdering:
side 6
Gloppen kommune ved viltforvaltninga meiner å ha gode indikasjonar på at bestanden av
raudrev er relativt stor og aukande, og at raudrev til tider kan vere eit problem for lam på
vårbeite. Bestandssituasjonen for raudrev er etter rådmannen si vurdering ikkje truga.
Når det gjeld skade voldt av raudrev på vårbeite for småfe, har ein ikkje oversikt over dette på
lik line med skadar ein meiner er voldt av freda rovvilt. Erfaring frå Gloppen kommune og
andre stader viser at det kan vere svært utfordrande å dokumentere skadar voldt av raudrev på
vårbeite. Det er fleire grunner til dette, men når ein veit at skaden som oftast skjer dei første
14 dagane etter at sauen er sleppt på heimebeite, er lamma ofte så små at raudreven tek med
seg heile lammet. I dei tilfelle ein finn lam som er drepne eller skada, er det ikkje spesielt
problematisk å finne ut om det er raudreven som har teke dei. Til denne dokumentasjonen
skal rovviltkontakten for regionen nyttast.
Undersøkingar som er gjort i forsøksområde andre stader i landet, syner at over 50% av
lammetapet i forsøksområdet skuldast raudrev. (Bioforsk rapport: Tapsårsaker hos lam og
beitekapasitet på Tjongsfjordhalvøya. 2006). Dette underbyggjer at raudrev kan vere eit
betydeleg problem for småfeprodusentar spesielt tidleg i beitesesongen.
Det er ikkje erstatningsordningar for husdyr tekne av raudrev, slik som det er for husdyr tekne
av freda rovvilt. Slik sett vil tapa eine og aleine måtte dekkast av husdyreigar. Rådmannen ser
difor eit reelt og rimeleg godt dokumentert behov for dyreeigarane til å ha høve til å avgrense
skade på bufe frå raudrev. Det gjeld både i omfang og i tid. Som regel skjer dei mest
omfattande skadane i tilknyting til raudrev med hi og kvelpar. Løyve til uttak av revehi gjeve
på relativt kort varsel, før ei dokumentert skade får utvikle seg, er eit godt verkemiddel for å
avgrense lammetap på vårbeite forårsaka av raudrev.
Jakttida på raudrev er lenger enn for andre viltartar av di rammene skal gje høve til ein
kontroll av bestanden i tillegg til vanleg jaktutøving. Om jakttida på rev er godt nok nytta i
Gloppen, har vi ikkje oversikt over, men sjølv i område det vert teke ut raudrev, vil det
framleis vere utfordrande å sleppe sau i nærleiken av yngleplassar for raudrev. Større
jaktpress på raudrev vil kunne avgrense skadeomfanget på vårbeite noko, men rådmannen
meiner at ein i tillegg bør kunne gje løyve til uttak av revehi for å avgrense tap av lam på
vårbeite slik ”Forskrift om felling av viltarter som gjer skade” gir heimel til. Forskrifta set
krav om at skade skal ha skjedd før det vert gjeve løyve, og i eit slikt omfang at det er av
økonomisk vesentleg tyding for den skadelidne. Erfaring viser at tap av eitt lam på vårbeite på
grunn av rev, lett utviklar seg til fleire lam. Rådmannen meiner at dokumentert tap av eitt lam
vil kunne løyse ut eit skadeløyve og hiutak. Forskrifta skal imidlertid ikkje nyttast som eit
verkemiddel for å redusere tal av vedkomande viltart. Dette skal gjerast innafor ordinær
jakttid.
Rådmannen meiner difor kommunen bør kunne gje eit betinga skadeløyve, slik DN skisserer,
som kan effektuerast på kort tid når skadesituasjon oppstår og det er rimeleg godt
dokumentert at det er raudrev som tek lam. Kommunen vil då vere i stand til å fatte vedtak om
uttak av revehi på kort varsel. Rådmannen vil difor i denne saka gjere framlegg om å gje
betinga skadeløyve for uttak av raudrev som volder skade på småfe på vårbeite, og be om
fullmakt til å treffe vedtak om konkrete uttak av revehi nå skadesituasjon oppstår.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
I medhald av ”Forskrift om felling av viltarter som gjer skade elle vesentleg reduserer andre
viltarters reproduksjon, nr 100 1997 ” gjer kultur og miljøutvalet slikt vedtak i saka:
side 7
1. Gloppen Sau og Geit, Breim Sau og Geit og Hyen Sau og Geit får betinga fellingsløyve på
raudrev som gjer skade på småfebesetningar innafor Gloppen kommune
2. Løyvet er tidsavgrensa til fredingstida for raudrev, frå d.d. til ordinær jakttid tek til den
15. juli 2012
3. Løyvet gjeld det tal rev som gjer skade, og kvelpar skal takast ut før mordyr
4. Løyvet vert effektuert når skade vert meldt til kommunen og dokumentert så godt det let
seg gjere
5. Det skal gjevast utfyllande vilkår for slike løyve
6. Rådmannen får fullmakt til å gje løyve i det einskilde dokumenterte skadetilfelle.
17.04.2012 KULTUR- OG MILJØUTVALET
015/12 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken.