Stor deltaking i Breim.
Lokallaga i Gloppen og Jølster inviterte til fagmøte på Norsk Fjordhestgard tysdag 27. mars.
Stor satsing på annonsering og pressemeldingar og gjerne godt program, gav godt resultat i oppmøte. 43 personar deltok tysdag kvelden med godt fagleg innhald og god prat rundt karbonadesmørbrød, kaker og kaffi.
Breim Sau og Geit inviterte saman med laga i Jølster, Gloppen, Hyen og Vikane sauenæringa til samling på Norsk Fjordhestgard i Breim. Tema for kvelden var førebuande tiltak før beitesesongen.
Mål med kvelden var å få meir kunnskap med resultat å redusere tap på beite. Diskusjon kring flott, snyltarbehandling og andre aktuelle utfordringar kring beiteslepp. Veterinær Anne Berit Selle informete på ein god måte og svarde på spørsmål.
Forsamlinga fekk god oppdatering, kombinert med ny kunnskap denne kvelden.
Marit Flatjord, medlem i roviltutvalet informerte om status kring rovviltsituasjonen i fylket. Ho informerte og om korleis bøndene skulle gå fram ved observasjonar og kven ein skulle kontakte ved funn av spor og kadaver i terrenget.
Grim Erik Gillestad frå Felleskjøpet deltok og informerte om nye sortar og kunnskap kring kraftfor til sau.