Fylkesmannen har de siste åra kjøpt elektroniske radiosendarar til bruk på beitedyr (radiobjeller) i samband med forebyggande tiltak mot rovdyrskader og nasjonale tilsyns-/beiteprosjekt. Bjellene skal no ”lausrivast” frå prosjekt og stillast til disposisjon for beitenæringa i fylket. Det vil i 2011 vere om lag 1200 bjeller til disposisjon. Møre og Romsdal Sau og Geit har inngått ein avtale med Fylkesmannen og fått disposisjonsretten til dei eksisterande bjellene, samt høve til å søkje om støtte til innkjøp av fleire.
 
Radiobjellene fungerer som ein mellomting mellom ein GPS og ein mobiltelefon. Bjella tek imot  GPS- posisjon frå satellittar som via mobilnettet og ein server sender posisjonar til eit digitalt kart på brukaren sin PC. Ho er også utstyrt med alarmfunksjonar som gir alarmar dersom individet t.d. ikkje rører seg over tid, eller flyttar seg unormalt lite. Dersom det er dårleg mobildekning i beiteområdet, vil ein ikkje ha nytte av dette produktet.
 
Erfaringar med bjellene frå beiteprosjekta her i fylket og andre fylke viser at brukarane stort sett er nøgd med produktet slik det no ligg føre, og ser det som eit svært nyttig hjelpemiddel under tilsyn og sanking. Mange har også oppdaga ukjende sider ved dyra sitt beitemønster, at dei beiter i heilt andre område enn dei trudde på førehand. Det har vore problem med falske alarmar i nokre område, men produktet er i stadig utvikling. Meir informasjon om teknologi og verkemåte kan de få på nettstaden www.telespor.no .
 
Beitelaga skal i første rekke vere eininga som søkjer om leigeavtale med MRSG. Storfe kjem også inn under denne organiseringa. Fordelinga av bjellene skal gjerast  etter søknader frå beitelaga, og i samarbeid med fylkesmannen. Det er ikkje høve til å krevje at leigarar skal vere medlemmar i Sau og Geit. Besetninger i rovviltområder og i områder med store tap vil bli prioritert, så får vi sjå kor langt lageret rekk.
 
Søknadsfrist for beitelaga er 28. mars.
 
MRSG har ansvar for kontakt med leverandør, utleigeavtaler, utlevering og mottak av bjeller etter endt beitesesong, samt kontroll, ettersyn og oppbevaring utanom beitesesongane, dersom ikkje anna blir avtala. Fylkesstyret sin kontaktperson er Ragnhild Tolke.
 
Denne organiseringa vil bli evaluert etter kvart, men vi  håper dette blir ei ordning til beste for beitebrukarane i fylket. 
 
Kontaktperson for Møre og Romsdal Sau og Geit: