Kåringssjå 2023
Velkommen til kåringssjå i Årdal, 1. oktober, kl. 10.00-14.00.
Adressa for dagen er Sedbergvegen 37, Årdal i Ryfylke (hjå Anders Sie).
Når kåringa er ferdig vil det bli premiering av beste kåra lam, og utdeling av sløyfe.
Samstundes som det er kåringssjå i reiskapshuset til Anders, arrangerer Hjelmeland sau og geit og Strand sau og geit fylkesmeisterskap i bruk av gjetarhund rett utanfor. Her er med andre ord mykje spanande å sjå på denne dagen!
Det er høve til å kjøpe mat og kaffi.
Alle frammøtte er med i trekninga av eit halvt slakta lam!
Praktisk informasjon til utstillarane:
- Oppmøte for avlessing av dyr seinast kl. 09.45.
- I år ynskjer me at alle utstillarane er att heilt til kåringa er ferdig.
- Det vert premiering og utdeling av sløyfe til beste kåra lam.
- Hugs å melde på lam for kåring på NSG sine sider. Påmeldinga stengjer tre dagar før kåringsdagen.
- https://www.nsg.no/sau/karing-sau/karingsreglene-2023/
VEL MØTT!