Eggenipa 4H i Breim gjennomførte denne helga haustfest med skodespel som handla om landbruket sine utfordringar. Breim Sau og Geit vart inviterte. 36 unge framførte eit rikholdig skodespel om utfordringane til bonden. Samtidig vart fordelen med det norske landbruket spegla på ein informerande og humoristisk måte. Utfordringa var samtidig valget til bonden om å fortsetje med det meiningsfulle livet som bonde eller selge garden til storsamfunnet med omlegging til golfbane. Dei ulike gledene og fordelane ved norsk landbruk vart presentert med eit glimt i auget. Medlemane gjennomførte eit godt skodespel på ein imponerande måte. Mange gode enkeltprestasjonar, samtidig som alle fekk delta aktivt i framføringa. 4H er dyktige i få alle til å vere aktive i ulike roller på scena. Dette er verkeleg ein flott arana for born og unge til å utvikle seg som person. Medlemane var både ku.gris og sau. Leiaren i Brei Sau og Geit let seg imponere av måten dyra deltok aktivt i rollespelet. Dei kloke og eigenrådige sauene som overtale både bonden og storkapitalen til å fortsatt drive aktivt landbruk. Beitebruk og norsk kvalitet vart framheva med overbevisande scenekunst. Vi takkar for invitasjonen og er litt smigra over å verte inviterte til ein ny arena, kor sauen vert i fokus på ein kreativ og forteljande god måte.