Småfebøndene i Hyen, Sandane og Breim er svært interesserte i å delta på faglege og sosiale arrangemang i Gloppen Kommune. Siste arbeidsåret til Breim og Gloppen Sau og Geit, har vore svært aktivt. I vår held laga fagmøte på Norsk Fjordhestgard med tema å redusere tap av sau i beitesesongen og foring. I august deltok 23 personar på fjelldag frå Sandane til Nesstøylen i Breim. Det var servert middag og triveleg flakedans om kvelden.

Årets kåring av værlam vart arrangert i ridehallen på Norsk Fjordhestgard. Vi samla heile Gloppen til fylket si største kåring. Det var ei av Vestlandet sine største kåringar med 131 stilde lam. Når då minst like mange tilreisanda møtte opp vart det ein festdag for sauenæringa.

Arbeidsåret nådde nye høgder sist måndag. 63 sauebønder deltok i fjøsmøte hos Astrid Fjellestad og Finn Hauge på Sandane. Tema for kvelden var kva type lam bonden skal ta med i avlen og foring gjennom vinteren. Praten gjekk lystig mellom deltakarane og litt kaffimat gjorde den sosiale ramma til ein triveleg kveld på Hauge. Ikkje kvar dag storskjermen lyser opp fjøsen og ledige bingar er fullsette med aktive sauebønder.