Rasmus Raad t.v. og Olav Skinlo.

Litt av begrunninga for utnemning som æresmedlemar i Breim Sau og Geit.

 

Rasmus Raad:

Ekstra stor innsats i Breim Sau og Geit.

Tillitsvald i mange år, med stor dugnadsinnsats.

Stiller enno opp når noko skal gjerast i laget.

Flink fagleg med sau. Aktiv i verringen i mange år.

Sauedommar i ei årrekkje og reist mykje rundt i fylket.

Betyr mykje for sauemiljøet i området.

Trass i høg alder har han ansvaret for sauen på heimegarden.

 

Olav Skinlo:

Ekstra stor innsats i Breim Sau og Geit.

Har vore leiar og kasserar i laget.

Det er sauen som er hans viktigaste leveveg.

Han er inseminør på sau.

For sauemiljøet i bygda er han ein inspirator.

Har hatt ungdomar heime på garden, slik at dei har fått interesse for sauehald.

Er aktiv i verringen. Har gjort mykje dugnadsarbeid i laget.