Det vert helde årsmøte i Breim Sau og Geit onsdag 30. januar på Norsk Fjordhestgard.

Årsmøtestart vert klokka 20.00.

Det vert vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og sjølvsagt vert ein del av aktiviteten for komande arbeidsår planlagd.

Breim Sau og Geit har gjennomført eit aktivt arbeidsår med mykje god aktivitet.

Vi håpar at flest mogeleg møter opp denne kvelden og deltek med tankar og gode idear for året som kjem.

Vi trur at tema for kvelden vert interessant. Edvin-Andre Hugvik er vår fagperson i forhold til fjøsbygg for sau.

Breim treng ei fornying i bygningsmassen på sau. Vi treng fleire nye bygg og modernisering av eldre bygg.

Den yngre garde har gjerne lyst å skape heiltidsarbeid innan sau, og meir lettstelde bygg som kan kombinerast

lettare med arbeid utanom garden.

Marknaden har ei stor underdekning på sau og lammekjøt. Gloppen leverte 8 tonn mindre kjøt i 2012 enn året før.

Vel møtt til eit konstruktivt årsmøte.