NSG har plakatar av plast som bør setjast opp ved t.d parkeringsplassar og naturlege utfardspunkt for turgåarar. Her bør det førast på med sprittusj namn på kontaktperson slik at observasjonar vert tilbakemeldt til dyreeigar straks. Husk også på å setje opp plakaten for informasjon om den nye bandtvangtid som no er frå 1. April- 15. Oktober. Breim Sau og Geit har bestilt inn 10 kvar av desse 2 plakatane og kan kjøpast ved å henvende seg til leiar, Vidar Sandal tel.94831201. Kan og gå inn på NSG si side under kontakt oss/medlemsbutikk og bestille sjølv. Du ser sjølv at det er muleg å bestille anna materiell frå NSG.

Det er viktig å bevisføre observasjonar av muleg rovvilt. Dersom tapsprosenten vert høgre enn normaltap siste åra vert rovviltobservasjonar og bevisføring tekne med i vurderinga om eventuell erstatning for tap til rovvilt.

Spor i snø og våt jord må takast nærbilde av. Bruk målbar eining å legge ved sporet for å bevisføre storleik. Ta og bilde av sporavstand og spormønsteret. Dekk helst til sporet for at Statens Naturoppsyn (SNO) eller lokal rovviltkontakt kan studere for å avklare kva dyr det kan vere. Dei må varslast straks. Alternativ er å kontakte Vidar Sandal eller Magne Sæthre, eller tipstelefonen til Sau og Geit som er 90211260. Dersom ein finn avføring er det viktig å ta det med. Ta det inn i plast utan å berøre skiten. Frys den så ned og send snarast til SNO med informasjon om funnstad,dato og namn. Om ein finn kadaver av småfe bør det dekkast til slik at det vert bevart til rovviltkontakt får undersøke. Kan vere lurt å legge inn GPS-koordinatar for å lettare finne tilbake til funnstaden.