Søknad om å utvide bandtvangperioden i Gloppen Kommune.

 

Viser til ordninga med bandtvang for hund som i dag er virkande frå 1. April til 20. August i Gloppen Kommune. Gloppen Sau og Geit har i lag med Breim Sau og Geit diskutert erfaring med ordninga i styremøter.

Praksis i vår kommune er at småfebøndene foretar sanking av sauer og geiter kring 15.-20. september.

Ettersanking og søk etter sakna småfe, skjer i dei påfølgande vekene etter.

Vår erfaring er at det er mykje småfe som møter laus hund langs med i beitesesongen med til tider tragisk utfall med mykje skade på sau.

Å avslutte bandtvangstida 20. August, slik som regelverket er i dag, er svært uheldig i forhold til beitetid og sanketidspunkt som er praksis i Gloppen Kommune.

Det er fortsatt sau i utmarka i byrjinga av Oktober og noko framover.

Gloppen og Breim Sau og Geit, ynskjer å søke om å utvide tida for bandtvang for Gloppen Kommune.

Vi søker herved om at bandtvangperioden skal vere gjeldande frå 1. April som i dag og fram til 1. November for å sikre at samtlege småfe kjem i fjøs utan å verte skadelidande av lause hundar i beitemarka.

 

Sandane/Byrkjelo, 29.09.2014.

 

Gloppen Sau og Geit v/Kjell Mardal, leiar.

 

......................................................................

Breim Sau og Geit v/Vidar Sandal, leiar.

 

......................................................................