Fellingsvederlag for rev og mink i Gloppen Kommune.
Breim Sau og Geit ynskjer å delta i å regulere bestanden på rev og mink i Gloppen. Vi har opplevd periodar kor bestanden av rev har vorte alt for høg.
Dette har ført til matmangel,smittepress og eit større antal tapte lam på beite tidleg på våren.
Breim Sau og Geit bidrog til at Gloppen Kommune såg at det var naudsynt å stimulere til å regulere viltbestanden i kommunen vår.
Dermed løyvde Gloppen Kommune årleg kroner 10 000 til fellingsvederlag for dei som deltek i å ta ut rev når bestanden vart kraftig aukande.
Breim Sau og Geit har utnemnd Stian Hjelle som vår kontollør i Breim. Han skal motta meldig og godkjenne felt rev og mink i Breim.
Jakt på rev startar 15. Juli og vi oppmodar jegerar til å nytte den siste perioden fram mot 15. April til å ta ut rev i dei områda kor det er mykje rev.