Tema vert gode løysingar for fjøsinnreiing og fornying av fjøs for sau. Muleg også å dra mange gode paralellar over til geithald. Torsdag kveld møter vi hos Jostein Fuglestrand på garden Ryssdal i Kandal.

Jostein har bygd om geitfjøsen til sau. Fjøsen er nett teken i bruk. Vi får sjå bruk av rullande forbrett og kraftforautomatar. Ta på varme kle og få med deg det siste innan sauehald i kommunen. Fjøssystemer har levert dei tekniske løysingane i fjøsen. Sigmund Kirkeide frå Fjøssystemer vert med og svarar på spørsmål frå deltakarane.  Møt fram og plukk opp gode løysingar for din bygning.

Fornying og modernisering av eksisterande bygningar er viktig for framtida til sauehaldet. Å gjere arbeidsplassen meir lettdreven i det daglege stellet er vesentleg. Å lette arbeidsituasjonen gjer at sauehald lettare kan kombinerast med arbeid utan om garden.

Det er mangel på sauekjøt i Norge og med våre fjellområder bør vi kunne produsere mykje meir kjøt. Sauenæringa heng litt etter i modernisering av bygningsmassen. Småfenæringa bør få i drift fleire nybygg og nytte betre den bygningsmassen som allereide er i drift.

Det er viktig å stimulere interessa for sauehald i neste generasjon. Dette oppnår vi med å fornye og halde driftsapparatet på eit godt nivå. Velferda for sauen og sjølvsagt også for sauebonder er vesentleg for å kunne trivast i yrket.

Bli med i morgon til ein sosial og fagleg samling hos Jostein Fuglestrand.

Breim og Gloppen Sau og Geit.