Fjelldagen starta med oppmøte på Mardal skule kl. 09.00. Registrering og samkøyring opp til Jardalen. Bildetaking og litt informasjon om ruta for dei 23 deltakarane. Fjellturen frå Sandane til Kandal tok til slutt 7 timar. 6 av deltakarane var frå Breim. Første pause var på Mardalstylen, kor leiaren i Gloppen Sau og Geit, Kjell Mardal orienterte om støylen, drifta opp gjennom tida og beiteområdet slik som det er i bruk i dag. Opphaldsveir og vindstille gjorde at naturopplevinga, i eit fantastisk fjellområde vart ekstra sterk. Turen gjekk i roleg tempo slik at vi kunne få med oss flest muleg. Turdeltakarane fekk oppleve eit aktivt beiteområde som ligg i Naustdal/Gjengedal Landskapsvernområde. Ole Johannes Mardal leda turfølget via Svartekari, Tverrfjellet, Søreideskaret og ned i Sørsendalen. Deretter enda turen nede på Nesstøylen. Deltakarane og andre oppmøtte fekk severt lammelår herleg tilbredt i kokegrop og heimelaga geitost kokt i meieriet på støylen. God stemning i opphaldsveir rundt benkane, gjorde til at myggen til tider vart reint sjarmerande... Ut over kvelden vart det meir servering og dansefoten fekk prøve seg. Danseflaken vart sentrum for deltakarane og andre frammøtte ut i dei seine nattetimar. Dei som ikkje nytta den organiserte skyssen ned frå støylen fekk tilbod om overnatting på støylen.

Breim og Gloppen Sau og Geit ynskjer å takke alle frammøtte og sjølvsagt alle som stod for dugnaden i forkant og under fjelldagen. Mykje gode tilbakemldingar på at dette vart ein sosial og uformell triveleg dag .