Breim og Gloppen Sau og Geit arrangerar laurdag fylket si største kåring av værlam. Storhendinga går føre seg på Fjordhestgarden på Breim. Her vert samla sauer frå heile Gloppen. I fjor stilte 132 lam og vi håpar på tilsvarande i år. Vi gjentek suksessen og siktar mot ein triveleg familiedag inne i ridehallen på Norsk Fjordhestgard.

Det vert aktivitetar for både store og små. Natursti for ungane og tippekonkurranse på vekta av storværen frå Bø. Fin premiering og muleg for ungane å ri på hest. Det vert kaffiservering og noko å bite i nede i hallen.

Nytt dagen på fjordhestgarden og muleg å få seg betasupa eller pølse på låven frå kl.12-14. Vel møtt til ein triveleg dag på Breim.

Breim og Gloppen Sau og Geit.