Det gode samarbeidet med Gloppen Sau og Geit gjev godt dugnadsmiljø og triveleg sauemiljø.Noko av bingane i ridehallen var tillaga helga før for samarbeidet med Open gard. Dagen før kåringa kom det ein god gjeng frå sandaneområdet og deltok i gjere hallen klar for kåringa. Den same gjengen inklusiv mange frå Hyen var også med å tok ned bingane etter kåringa. God hjelp og godt miljø gjer at det vert triveleg å gjennomføre ei så pass stor kåring. 3 dommarsett gjorde at kåringa gjekk effektivt og det var ei jamn og god dømming. Bra med publikum møtte og 3 jenter var med på dugnad og gjennomførde natursti og tippekonkurranse på dei 2 solide veirane frå Bø Fellesfjøs.

Terje Arnestad var best i kalsse NKS med 166 poeng. Rune Gimmetad på 163 poeng og 2.plass med Terje også på 3.

Tor Magnar Raad kom på 9.plass med 159 poeng og Anders A Flølo på 13.plass med 158 poeng. Per Kandal nådde 21. plass med 156 poeng.

Beste i Spæl klassa vart Bø Fellesfjøs med 167 poeng og Kristian Mardal på 2. med 161 poeng. Bø tok også 3. og 4.plass med 158 og 152 poeng. Olav Skinlo tok 13. og 14.plass med 143 og 142 poeng.

Det vart kåra 113 stk. NKS, 23 kvit Spæl, 2 Pelssau, 5 farga Spæl, 4 Blæset og 1 Fuglestadbroget.