Til Tine Meierier SA.

Geitmjølksprodusentane i Region Vest er bekymra over utviklinga av sal av geitmjølkprodukt. Vi registrerar ein nedgong i sal, spesielt av brun geitost, som hovedmengda av geitmjølka vert nytta til.

Antal produsentar av geitemjølk har gått kraftig ned etter årtusenskiftet, men produksjonen hos kvar enkelt har vorte auka kraftig. I 2000 søkte 650 produsentar om produksjonstilskot til mjølkegeiter, og dei hadde ein gjennomsnitleg kvote på om lag 35.000 liter. I 2011 var det kun 376 produsentar, og desse hadde ein gjennomsnittskvote på om lag 61.500 liter.

Ei næring med så få produsentar er ei svak næring når det gjeld å få gjennomslag i demokratiske prosessar.

Under Geitehelga i Jølster,17. og 18. november, deltok 31 produsentar.

10% av geitmjølksnæringa i landet diskuterte Tine sitt ansvar for den negative salsutviklinga på geitmjølksprodukt.

Vi diskuterte denne situasjonen som eige tema. Næringa er svært frustrert over å få lite gjennomslag for tiltak på sal og marknadsføring.

Vi registrerar at Tine signaliserar eit mindre behov for geitmjølk i 2013 enn i 2012. Frå 17,2mill. liter og ned til 16,8 mill liter. Dette er eit svært negativt signal for ei næring som dei siste åra har lagt ned ein formidabel innsats på kvalitetsheving.

Mjølka har no ein svært god og stabil kvalitet.

Vi forventar at TINE no legg ned ein tilsvarande innsats på sal og marknadsføring. Dette vil vera grunnlag for å oppretthalde dagens produksjon og på sikt heve den.

Geitnæringa forventar at etter ei slik framtidsretta satsing frå næringa si side, vert krava til Tine si satsing overfor næringa, sett under lupa.

1. Vi krev ei forbetra satsing på produktutvikling, sal og marknadsføring av geitmjølkprodukt. Marknadsføring av geitemjølkprodukt må vere ei eiga stilling og ikkje vere underlagt andre satsingsfelt.

2. Vi forventar strakstiltak for å kunne auke innslaget av geitmjølk i brunost Gudbrandsdalsost G35, sidan geitmjølka no har fått ein forbetra og mildare smak.

3. Næringa meinar Tine må løfte opp og fram geitmjølksprodukt mot dei ulike kundegruppene i alle salsfremjande samanhengar som Tine deltek i.