Formål er jobbe til beste for geitnæringa, for mjølk, kjøt og geita som vår beste landskapspleiaren. Gruppa skal fremje saker og gjerne kome med innspel som Sogn og Fjordane Sau og Geit kan behandle og sende vidare.

Medlemar i gruppa er:

Rune Myklebust, SFSG, leiar og sekretær.

Vidar Sandal, Breim Sau og Geit.

Ragnvald Søgnesand, Jølster Sau og Geit.

Sigurd Vikesland, rep.sk.medl. NSG.

Ingolf Folven, medl. rådgjevande gruppe geit Tine.

Ola Søgnesand, prosjektleiar Geit i Vekst, Tine.

Eva Høydal, SFSG.

 

Første samlinga onsdag 12.12.2012.

Cecilie Bjørlo frå Eid var invitert. Ho sit i konsernstyret i Tine.

Saker som var tekne opp til diskusjon var:

 

 

*Korleis få Tine-systemet til å prioritere og satse betre på marknadsføring og sal av geitmjølksprodukt? 

Mykje gode innspel. Ein lang og god diskusjon kring situasjonen i dag og konkrete idear om kva som må til for å auke omsetnaden av geitmjølksprodukt. Behovet til Tine vil i 2013 ligge på 16 mill. liter. Potensialet for eksisterande kvoteproduksjon kan om eit par år ligge på 24 mill.liter.Dette fordi då er dei fleste komne i full produksjon igjen etter saneringsfasen med mange bruk ute av produksjon og med nye friskare dyr som produserar større mengde mjølk. Geitmjølksproduksjonen består av kun 376 produsentar med mjølkekvote i heile landet.

*Diskusjon kring kjekjøt, sal, kvalitiet og slaktekostnadar.

Meir kjøtfylde, for høge kostnadar for kvar kilo kjøt i slaktekostnadar.

*Kadaverordninga for småfe og kje.

Småfe må med i denne ordninga.

*Geitedagane skal vere i Region Vest 2014.

Muleg i område kring Jølster/Gloppen.

*Tankar om framdrift av jordbruksforhandlingane.

Tilbakemelde på utkast frå Geit i Vekst.

Nytt møte i gruppa i Mars 2013.