Gjetarhundkurs i Breim.
Breim Sau og Geit gjennomfører gjetarhundkurs på Norsk Fjordhestgard på Breim. Kursdeltakarane er frå både ytre og indre delar av Nordfjord. Kursinstruktør er Egil Syversbråten frå Stryn. Då Breim Sau og Geit sin utskremde fotograf møtte opp var det fint drev over instruksjonen. Triveleg å kunne vere inne i ridehallen ei helg kor det regna vanrett. Arrangøren Breim Sau og Geit sin gjetarhundansvarleg Janne Håheim, viser til at med slik god interesse er det muleg å arrangere eit oppfølgingskurs både for dei som har delteke tidlegare og for nybyrjarar. Det er viktig å få til fleire gode brukshundar for sauebøndene i Gloppen og kommunane kring.
Klikk på "neste side" og sjå bilder frå kurset.