øverst: Praten gjekk lett under kåringa.

midten:Ullmengda og kvalitet på lam frå Kandal vert vurdert.

nede: Natursti for store og små er viktig.

Værlamkåringa for 2013 vart avvikla på Norsk Fjordhestgard. For 2. året samla vi alle lamma i Gloppen Kommune i ei felles kåring med tilsaman 112 stillte lam. 101 av desse vart kåra. Beste lammet denne kvelden vart Finn og Astrid Hauge. På plassen etter kom Kristian Mardal. Resultatlista vert lagt ut når vi får den oversendt.

Ei felles kåring kor både Breim, Sandane og Hyenområdet samlast, viser seg å vere vegen å gå. Vi oppnår eit større miljø i og med at vi har langs med færre sauebønder i kommunen.

Å arrangere kåringa inne i den store hallen gjer at ein ikkje er nøydde å ha godt veir denne dagen. Dette gjer at det og kjem fleire tilskodarar enn ein ellers ville fått utandørs med eit høgst varierande haustveir. Det kom kring like mykje publikum denne dagen som det var antal værlam, så det var ein sosial og triveleg dag i ridehallen.

Vi registrerar ei positiv utvikling med fleire unge stillarar og eit miljø kor ungane i familien deltek med stor interesse. Dette er viktig for miljøet og framtida for næringa.