Det var ei yrande stemning under fjøsmøtet på Hauge. Kjell Rune Vik frå Fiskå Mølle held føredrag om foring gjennom vinterhalvåret. Deltakarane fylde forgangane og delvis ledige sauebingar i den romslege fjøsen hos Astrid Fjellestad og Finn Hauge. Johannes Nedrebø tok opp kva som skal til for å kunne gjere eit best mogeleg utplukk av påsettlam. Det var ein sosial lærerik og triveleg kveld i fjøsen på Hauge. Midt i programmet vart det servering av kaker kaffi og pølser med brød. det var rett og slett ei miljøskapande samkome som vart gjennomført denne kvelden. Det var rett og slett nesten utruleg å kunne greie å samle så mykje aktive sauebønder på eit fjøsmøte. Erfaringa Breim Sau og Geit etter kvart kan dra, er nok at å arrangere i lag med Gloppen Sau og Geit er ein suksessfaktor. Å fordele arbeidsoppgåver mellom 2 aktive lokallag resulterar i størrre miljø og lettare å arrangere. Det er ein fordel med fleire personar å fordele arbeidsoppgåver på. Det vert og lettare å få større breidde i typane arranmemang. Ein erfarar og at lokallaga dreg kvarandre opp og fram.