Mange hundeeigarar ynskjer å ta med seg hunden i skog og mark. Det er triveleg med hunden som turkompis på fjellet.

Ein kvar hundeeigar trur dei kjenner hunden sin godt. Vi hundeeigarar registrerar alle at jaktinstinktet til hunden ligg godt nedarva.

Enkelte tenker at på høgfjellet kan vi sleppe hunden og deretter feste bandet når vi kjem i sauebeite. Hald hunden i band heile tida! Hunden luktar sau på lang avstand med litt motvind. La deg ikkje lure!

Ein hund som tek ut, er oftast svært vanskeleg å kalle inn att. Respekter tidsrommet for bandtvang som er frå 1.april til 1.november i Jølster Kommune og 1.april til 20.august i Gloppen Kommune. Du må rekne med å treffe på sau også etter 20. august.

Ein kvar hundeeigar sitt mareritt er når du mistar kontakta med hunden og den bit i hel eller sprenger lungene på ein sau. Gloppen, Jølster og Breim Sau og Geit ynskjer alle ein fortsatt triveleg og skadefri sommar i fjellet.