Jordbruksinntektene, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk.

Bruk med sauehald oppnådde den største auken i jordbruksinntekta med kr 31 000, til kr 147 200. Sjølv med god inntektsvekst frå 2010 til 2011 samanlikna med andre driftsformer, ligg framleis bruka med einsidig sauehald svært lågt i jordbruksinntekt per årsverk.

Sjølv med denne auken i 2011 viser årsvederlaget at sauen treng eit samla løft fram mot jordbruksforhandlingane til våren.

Skattefordel som følgje av jordbruksfrådrag, er ikkje med i resultatmåla. Skattekorrigert inntektsverknad er berekna til kr 25 700 per årsverk.

I alt omfattar granskinga 857 bruk frå heile landet, 170 bruk er frå vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Både i 2009 og 2010 var nettoinvesteringane i jordbruket på Vestlandet relativt høge. I 2011 fall investeringsnivået, og vart på kr 37 900. Samstundes har samla gjeld auka med kr 76 700 (5 %) på Vestlandet. I gjennomsnitt var gjelda på 1,7 mill. kr.