Jordbrukstingingar 2016.
Innspel frå Breim Sau og Geit.
Breim Sau og Geit diskuterte i styremøte samt under lokallagsårsmøtet den 28.01.
Laget var einig i utvala sine utgreingar og la vekt på følgande punkt:
Laget har sterke meiningar om at det må bli ei avvikling på utleige av geitmjølkskvote.
Den som produserar kvoten skal framover eige kvoten.
Den som produserar kvoten må innan ei overgangstid på 5 år få overført/kjøpt kvoten som vert leigd i dag.
Det er meiningslaust at geitmjølkskvote vert vekkleigd for både 2 kr. og gjerne meir pr. liter.
Kvotesal av det som er historisk frå staten må styrast innan fornuftige prisrammer.
Det må gjevast ein tidsfrist til dei som leiger ut på maksimum 5 år slik at dei som vurderar å starte produksjon sjølve skal kunne det.
Det kan ikkje vere slik at dei som ikkje ynskjer å produsere sjølve skal tappe økonomien til dei som har invistert millionar av kroner for å produsere geitmjølk inn i framtida.
Det må innførast eit maks kvotetak på 200 000 for geitmjølk slik at vi opprettheld dei 285 eksisterande produsentane som no er att i Norge.
Viktig å få ein vesentleg auka økonomi til dei 100 første vinterfora sauene, både innan husdyrtilskot og utmarksbeitetilskot.
Geita må styrkast økonomisk for dei første 125 mjølkegeitene.
Må oppnå ein vesentleg auke i avløysartilskot.
Det må bevilgast friske midlar slik at sanneringa av ammegeitsflokkane vert følgd opp og smittesikra.
Slaktetilskotet på kje må verte auka til 500 kroner pr. slakt, slik at det vert oppnådd ein viss økonomi for oppdrett av kjekjøt. Her må det kome gode nok økonomiske grunnar til slik at vi unngår så mykje avliving av nyfødde kje som vi har i dag og samtidig produsere eit fantastisk produkt til forbrukar.Slaktegrensa kan gjerne aukast til 4.5 kg.