Gloppen hotell kan friste med fantastisk julemat i alle variantar (sjekk www.gloppenhotell.no dersom du vil sjekke ut den freistande kaldbuffet`en og varmbuffet`en). Arrangørane har litt lett underhaldning under planlegging. Vi håpar å samle veldig mange bønder frå Gloppen og Eid denne kvelden. Vi håpar også DU har lyst til å vere med.

Julebordet startar kl. 1930 og varer ut i dei små timar. Det vert sett opp felles busstransport til og frå Eid. Ein tek sikte på kl 19.00- ferja til Anda. Det er viktig at folket ikkje møter opp for seint. Då vi går samla til bords kl. 19.30.
Prisen for julebordet er kr. 595,- pr person. TINE produsentlag frå Eid / Gloppen, Nortura og Eid bondelag vil dekke deler av kostnaden for middagen (utan drikke). Vi vil kome tilbake til kva dette vil utgjere pr person (Alt etter kor mange so kjem).

Steinar Engelbretson spelar til dans, so her blir det mogleg for alle å få svinga seg litt. Vi gjer merksame på at vi har reservert 120 plassar og hotellet er opent for andre gjester. So vi håpar DU melder deg på ganske so raskt.

Påmeldingsfristen er:25.november
Påmelding på følgjande link: https://medlem.tine.no/cms/aktuelt/kalender/vest/julebord-for-bøndene-i-gloppen-og-eid eller til TINE Medlemstelefon, Tlf.: 815 02 000 eller e-post: medlem.vest@tine.no (oppgi om du er mjølkeprodusent, du må også oppgi postadresse og at du skal vere med på julebord på Gloppen Hotell).