Kåringssjå laurdag 6.oktober kl.10 på Fjordhestgarden.

I år er det felleskåring for heile kommunen.

 Ridehallen er svært romsleg, og det er lett å lage til rikeleg med bingar utan snusekontakt. Vi kan køyre inn til bingane med traktor eller bil med hengjar og lettvint svinge rundt og ut att utan vanskeleg manøvrering. Og så er vi trygt under tak i usikkert haustver. 

Ta med kontantar for betaling av påmelding, betaling skal skje til Lars Myklebust.

  Fjordhestgarden vil selje mat og kaffi. Det bli planlagt aktivitetar for born/familiar og vi håpar dette kan trekkje fleire enn berre dei som har med lam til kåring. Vi håpar det blir inspirerande for alle å møtast i eit litt større miljø! Sjå annonse i avisa for påmelding m.m. 

 Sjået i år er eit forsøk som vi får evaluere på årsmøtet og drøfte om vi skal halde fram med.

 

So vi håpar og trur flest muleg tek turen til Fjordhestgarde laurdag .

 

Mvh

Breim Sau og Geit