Vi var på fjøsbesøk i eit kaldfjøs bygd av rundstokkar og med ein del utradisjonelle løysingar. Interessant å sjå andre løysingar enn ein er vande med. Deltakarane fekk sjå ulike løysingar. Å analysere ulik type drift gjer at ein plukkar ut delar som ein likar og kan forme om til løysingar i sin eigen fjøs.

Deretter var vi på besøk i garden til Marit Henjum Halsnes. Ei svært energisk og dyktig dame som tok i mot oss med rykande heimepressa epledrikk i det overbygde uteområdet med bålplassen i midten av forsamlinga. Deretter gjekk vi inn i gamlestova, kor vi sat ved langbord og fekk servert eit fantastisk måltid. Velsmakande supa med lam med ei slags brødkake. Smaksoppleving i høgsete. Ei svært triveleg oppleving på garden til Marit som gav oss ei oppleving som ein sauebonde kan leve lenge på inn i den hektiske lamminga som står for døra.