Breim Sau og Geit saman med Jølster Sau og Geit arrangerte Matfest for geita tysdag 29. April kl. 13.00 på Gloppen Hotell. Formålet med arrangemanget var å vise alle dei velsmakande og unike produkta frå geitemjølka som vert nytta for servering og i matproduksjon. Mesterkokken Bodil Fjellestad ved Gloppen Hotell testa ut produkta som Tine produserar og nytta produkta i ulike matrettar.

Geitemjølka er inne i ei ny tid med ein mildare og rundare smak. Bodil gav ei fagleg beskriving av produkta av geitemjølka og gav faglege gode råd om korleis produkta kan nyttast på ein best mogeleg måte, for å skape ein kulinarisk matopplevelse. Helga Kvamsås frå Tine forklarte som fagperson for geitemjølk og om den positive utviklinga av mjølka gjennom siste åra.

Vi inviterte eit breitt samansett smakspanel frå blandt andre representantar frå Norsk Landbruksrådgjeving, utmarksforvaltar i kommunen, Matamålfestivalen i Sogn og Fjordane  og styrmedlemar frå Sau og Geit.