28/10-14: Møtet starta kl. 19:00 og det var om lag 30 personar frammøtte. Arrangør var Breim Bondelag, Breim Sau og Geit og Gloppen kommune. Møteleiar var Anders Felde frå Breim Bondelag. 
 
Trine Alme, landbrukssjef, hadde ei kort innleiing om utfordringar kring gjerdehald. Beiterett og gjerderett er to ulike og sjølvstendige rettsområde, som ofte må sjåast i samanheng for å få full oversikt. Gjerde har ulike funksjonar: ha kontroll på eigne beitedyr, hindre framande dyr å kome inn på slåttemarka, markere eigedomen sine grenser, sikre folk og dyr mot farar. Strukturendring i landbruket har ført til færre beitebrukarar, nokre tek ikkje vare på gjerda sine og konfliktar kan oppstå (dyr ned på dyrka mark, eter på skogen osb.). Kan og vere utfordring med hyttebygging, jakt, friluftsliv i beiteområde.  
Kommunen har ingen mynde til å rydde oppi tvistar mellom naboar. Lensmannen og jordskifteretten har mynde.  
Bøndene i kommunen «tapar» om lag 1,2 millionar kroner på ikkje å ha dyra sine ute på beite «lenge nok» til å søkje beitetilskot. Ulike grunnar for at dyra ikkje er på beite, mellom anna dårleg gjerdehald. Dårleg gjerdehald kan føre til at bøndene flytter dyra til andre beiteområde, eller slutter med dyr. Attgroing kan bli/er utfordring i einskilde område. 
Målet må vere å få til gode gjerdeordningar for å kunne nytte beiteressursane på ein best mogleg måte.    
Lensmennene i Gloppen, Nils Ove Roset og Jølster, Knut Børge Skurtveit, deltok på møtet på Heradshuset. Dei har mange saker, men få gjerdeskjønn. Dei arbeider med skjønn innanfor 22 lover i forliksråd og med tvangsfullbyrding (sivile saker). Konfliktråd kan nyttast når det oppstår usemje/konflikt. Både i sivile- og straffesaker. Partane må samtykke i deltaking. Meklar vert oppnemnt.  
Lensmannen får ofte det første møte med bønder og grunneigarar. Dei prøver å løyse saka på lågaste nivå. Har mest naturskadeskjønn. Lensmannen har mynde og høve til å gjennomføre gjerdeskjønn etter gjerdelova.  
Statens vegvesen (SVV), Ann Kristin Nes, overingeniør, møtte på Heradshuset. Ho driv med plan- og miljøsaker, vilt og husdyr i SVV.  Ho snakka om: Utfordring med beitedyr langs og på vegen. Det gjeld både tamme og ville dyr. Konfliktnivå er avhengig av trafikkmengd, dyretettleik og kor vi er - trafikkfare, dyrevelferd og risiko. SVV har ansvar for ferister som erstatning for tidlegare grinder. Feristene har høge etableringskostnader og er dyre å drifte. Ønskjer å ta vekk dei som ikkje er i bruk/ikkje har funksjon lenger, evt. bytte dei ut med andre
  
løysingar der det er mogleg. Testar ut ny type ferist, straum i betong, i Sogndalsdalen. Den er dyrare i innkjøp, men rimelegare å drifte. Ser ut til å ha betre effekt.  
Der det har vore ferist, som har vore borte ei stund, er det enklare å få reetablert. SVV tek ofte kostnadene. Der det ikkje har vore ferist eller grind, må grunneigar/ane søkje om løyve og grunneigar/ane må ta kostnadene med etableringa. 
SVV er ofte ikkje part i gjerdekonfliktar, blir ofte dradd inn som tredje part - nabo. T.d. ved misleghald av gjerde inntil ferist. Gamle gjerde kan og øydelegge kanslåttmaskineri og føre til driftsstans. Desse må haldast i orden eller fjernast.  
Grunneigarar som set opp gjerde for nære vegen er ei utfordring for drift av grøfter og stikkrenner. SVV vil ikkje ha gjerde for nære vegen for å kunne gjennomføre vedlikehald, 3 m ut frå vegkanten (kommunen 1,5 m). Kan gå med på løysingar med el-tråd på innsida av autovern. Får då beite nesten heilt til vegen. Må ta kontakt med SVV på førehand. 
Eivind Helleland, jordskifterettsleiar Nordfjord jordskifterett, snakka om: Gjerde til nytte eller plage? Han oppfordra alle til å bruke noko tid på å finne ut kva problemet er: dyra, grensa eller gjerdet. Grannegjerdelova er til hjelp og ei rettesnor som ein kan avtale seg vekk frå. I det ligg det at: Lova vik for avtalar mellom naboar. Lova vik for særlege rettshøve. 
Vakteplikta i beitelova § 6 seier at dyreiegar har plikt til å sjå til at dyra går der han/ho har rett til å ha dei gåande. Misleghald kan føre til erstatningsansvar. 
Lov om grannegjerde (granegjerdelova) av 5. mai 1961 og lov om ymse beitespørsmål (beitelova) av 16. juni 1961 er to «nye» lover. Dei blei prøvd endra i 1980, men det blei ikkje gjennomført noko endring.  
Jordskifteretten er ein særdomstol med mange oppgåver innanfor jordskifte, rettsklarlegging og skjønn. Tidlegare var det mykje saker innanfor gjerdelov og gjerdeskjønn. No blir ofte sakene løyst gjennom bruksordningar som er meir fleksible og rimelegare.  
Eksisterande gjerdeplikt, t.d. mellom innmark og utmark, fastsett i jordskifte eller gjerdeskjønn varer til noko anna er bestemt. Ofte oppseiingsfrist på 1 år når ordninga har vart i 10 år eller meir. Avtaler/ordningar kan etter 10 år seiast opp ved å krevje ny avtale/nytt skjønn, eller halde fram som det er når partane finn det tenleg. Kan ikkje seie frå seg gjerdeplikta ved å slutte med vedlikehald. Må då selje garden. 
Objektiv nytteverdi for eigedomane, jf grannegjerdelova § 7, - utfordring å gjere ei god kostnytte-vurdering. Blir ofte skjønn. Kostnadene er ofte eit enkelt reknestykke. Nytte er både subjektivt (grunneigar) og objektivt (større samanheng, omgjevnadene). Må ikkje vere nytte for begge eigedomane. Bruken gir grunnlag for nytteverdien. Om vedlikehaldskostnadene er større enn nytten, kan eksisterande gjerde leggast ned. 
Det beste er å løyse gjerdespørsmål før det blir konflikt. Dersom det har utvikla seg til ein konflikt, kan konflikt løysast gjennom:
  
Å snakke med naboen. Å søkje samarbeid i grenda for å sjå på nye løysingar – ikkje tenke tradisjonelt grensegjerde, men sjå om ein kan finne betre løysingar som er meir tenleg i terrenget på tvers av eigedomsgrensene. Skjønn hos lensmannen eller jordskifteretten 
Dersom ein leiger vekk jorda si, viktig å ha med noko om gjerdehald. 
Det er ein fordel å tinglyse avtaler for å halde styr på dei, t.d. dersom dei varer i 100 år. 
Oppsummering, Anders Felde og Helge Hovstad: Grunneigar, leigetakar og kommune, må følgje opp gjerdeplikt ved bortleige. Det er viktig å snakke med den det gjelder - direkte, ikkje med alle andre, for å unngå konflikt. Bygdene treng samhald. Om det ikkje er mogleg med dialog, er ei løysing å fremme sak for jordskifteretten.  
Grunneigarar som har beitande dyr har større nytte enn dei som ikkje har, noko som medfører høgare kostnader med gjerdehald. Det er ein tendens i tida. 
Skriftlege, tinglyste avtaler er sikrast. Avtaler gjeld i 10 år. Men vil halde fram å gjelde til dei blir sagt opp og eventuelt noko nytt er avtalt. 
Det er dei store, samanhengande utmarksgjerda som ofte er vanskelege, ikkje gjerde mellom innmarksparsellane. Ønskesituasjon: å få dekt alle felleskostnader, og at andre kan sende rekning til naboane.