Resultatet etter hausten si sanking er i ferd med å verte klare. For Gloppen syner tala ein reduksjon i tap av sau og lam på beite.

Tala syner til no eit tap på 4,06%, som er ein nedgang frå siste 2 åra.

I gloppen var 10 425 sau og lam på sommarbeite, melder dei organiserte sankelaga. 423 av desse vart i følge sankelaga melde som tapte.

Det er ulike årsaker til tap på beite. Den spenstige naturen vår byr til tider på ulike utfordringar. Noko rovvilt er observert gjennom sommaren. Våren med nysleppte lam kan gje utfordring med skaderev på beite. Sjukdom er ei årsak, som kan vere vanskeleg å til ei kvar tid å oppdage. Flott og flugemakk er det gjerne mindre av. Nye og betre preparat kan forebygge mot flott.  Alveld er fortsatt ei utfordring i enkelte beitelag. Det er ofte at dyra trekker unna flokken og legg seg i ly bak stein og bakketoppar.

Laushundar kan vere ei utfordring og det vert langs med observert situasjonar som kan overraske og skreme alle som opplever hundar som tek ut og skambit sau. Hundar som stikk av frå eigar og kjem tilbake etter 2-3 dagar høyrer ein av og til om. KVA har då desse hundane gjordt av skadeverk på sau før dei då vert oppdaga?

Tala frå 2010 viser tap på 5,55%, medan det i 2011 var tap på 6,35%.

Beitelaga og Sau og Geit er avhengige av at uvanlege og kritiske observasjonar, vert varsla frå alle som ferdast ute i skog og mark. Turgåarar må gje tilbakemelding på observasjonar som bonden bør vete om. Slik kan ein ungå unødige lidingar på husdyr og då gjerne unngå at tapstala i suenæringa aukar.

Breim Sau og Geit har teke kontakt med kultursjefen for å vere med å utforme dei nye informasjonsskilta som skal plasserast ved utfartsområdet til dei nyoppmerka turløypene i Gloppen. Målet er å få med litt informasjon om korleis turgåande bør gå fram ved kontakt med husdyr og litt forebyggande informasjon om hald av hund i beiteområdet. Gjerne få med litt info om korleis ein bør gå fram ved unormale observasjonar i beiteområdet.