Gloppen og Breim merka stor interesse i laga for å halde eit kurs lokalt ! Kjell tok saka og fekk Nsg til og legge et kurs til Gloppen.

Kurset vart halde på Fjordhestgarden 25 oktober.

Vi var lenge spent på om vi fekk fyllt opp kurset, grensa for og halde det var 6-7 personar. Når kursdagen kom var vi heile 16 deltakara. -Kjempeflott! Det var 2 frå Breim og 7 frå Gloppen som deltok, resten kom frå Jølster , Nordfjordeid og Sogn.  

Innstruktøren var til dageleg dyrlege på Voss og hadde mange års erfaring. 

Vi fekk mange erfaringstips som han hadde plukka med seg når han hadde reist rundt og holdt kurs andre plassar. 

Teoridelen vart avslutta med praktisk øving på tining og handtering av strå og anna utstyr. Tips om korleis legge det best muleg opp til rette sjølv når ein praktisere heime. Her fekk alle prøve seg så mange gangar som dei ville og til dei følte dei hadde kontroll på det.

 

Etter den delen reiste vi i fjøsen, dar fekk vi trent på søyer. Her var det plukka ut 5 søyer som var utrangerte , det som var lagt vekk på her var rutiner rundt tining i fjøs og at ein hadde system i arbeidet og at alt var klart når ein starta med tininga. Her fekk fekk vi også prøve så mange gangar som ville, vi hjelpte kverandre med og halde sauene og  til slutt fekk vi sjå ulike metodar på korleis ein kan gjere det om ein er åleine når ein insiminera.

 

 

 

Takkar Nsg og innstruktør for eit spennande kurs som vi håpar alle hadde nytte av og at det blir mykje resultat av det til våren !