Gloppen Kommune bidrar med eit tilskot på inntil kr. 10.000 pr. år. Jeger og fisk må såleis fremme eit samla krav til kommunen og sjølv stå for utbetaling til dei jegerane som har søkt om skotpremie.

Sidan vedtak vart treft i juni vil det fram til 31. desember vere halve tilskotsbeløpet tilgjengeleg, dvs. kr. 5000.

Rapportering til kommunen følgjer rekneskapsåret – 1. januar til 31. desember.

I vedtaket vart det også sagt at Jeger og fisk står ansvarleg for administrasjon av ordninga, i lag med faglaga for Sau og Geit i Gloppen. Jakttida for rev er 15. Juli- 15. April.

Kontrollørar i Gloppen vert følgande personar:

Kontrollørar:
Sandane - Jon Bjarte Myklebust 90122039
Sandane - Kevin Skinlo-Denton 41925891
Breim - Stian Hjelle 95027007
Hyen - Torger Eimhjellen 97039228

Med det kontrollskjema som eg lagde til (basert på korleis det vert gjort ein del andre stadar) kan jeger då velje om ein tek med berre høgre framfot eller heile dyret, då kontrollør skal klippe av midterste klo på høgre framfot.

I og med at det er avgrensa midlar sett av til føremålet må kontrollørar rapportere inn til kommunen ganske jamnelg. info til jegerar som kjem "for seint" til å få utbetalt premie.