Stormøte om gjerdeplikt og beiterett.
Tysdag 28. oktober kl. 19.00 vert det stormøte på Norsk Fjordhestgard.
Gjerdeplikt og beiting er eit tema som blir meir og meir utfordrande, etter som talet aktive bønder med dyr går ned. Breim Bondelag, Breim Sau og Geit og Gloppen Kommune arrangerar eit møte om temaet, som vi håpar mange grunneigarar vil møte opp på. Vi håpar å få fokus på rettar og plikter ein som grunneigar har.
Ramme program
19:00 – 19:15 Innleiing om utfordringar kring gjerdehald.
Ved Trine Alme, Gloppen kommune.
19:15 – 20:00 Kva moglege løysingar har ein for å få til eit godt gjerdehald?
Innleiing ved Eivind Helleland, Nordfjord jordskifterett
20:00 – 20:15 Pause med vafler / sveler, kaffi og kanskje litt TINE varer.
20:15 – 20:45 Gjerdehald mot riks- og fylkesvegar.
Statens vegvesen sine rettar og pliktar. Kva kan/må bonden gjere?
Innleiing ved Ann Kristin Nes, Statens vegvesen.
20:45- Diskusjon og oppsummering.
Eivind Helleland har med seg kravskjema. Han har høve til å ta i mot krav om gjerdeordningssaker i etterkant av møtet.