Nedgang i antal bruk med geit.

Tal frå perioden 2002-2012 syner at produksjonen av geitmjølk har minka med 481 000 liter eller 14 prosent på 10 år. I 2002 var produksjonen 3 403 422 liter mot 2 922 427 liter i 2012. Tal gardsbruk som produserer geitemjølk har hatt stor nedgang. I 2002 var det 104 gardsbruk som produserte geitmjølk, medan tilsvarande tal var 56 i 2012. Dette er ein reduksjon på ca. 46 prosent, skriv Fylkesmannen på nettsida si.

For landet var produksjonen i 2002 rett i overkant av 20 mill. liter, medan produksjonen i 2012 var på 19,43 mill. liter. Dette er ein nedgang på ca. 3,4 prosent og utgjer omlag 680 000 liter geitmjølk. Samanliknar vi utviklinga her i fylket og i landet, så har fylket i heile perioden hatt relativt større nedgang enn landet. I 2009 var vi på høgde med landet, men etter den tid har produksjonen gått kraftig ned.

Fylket har hatt ein relativt stor nedgang frå 2003/2004, rundt 2006/2007 og frå 2009. Frå 2011 er det ein relativ auke. Den sannsynlege forklaringa til desse variasjonane er prosjektet «Friskere geiter». Dette er eit nasjonalt prosjekt for sjukdomssanering i geitehaldet. Her vert alle dyra i buskapen slakta og det vert sett inn nye dyr. I denne perioden vert det ikkje produsert mjølk, og det kan gå inntil tre år før produksjonen er oppe på normalt nivå. Dei store variasjonane i mjølkemengda for Sogn og Fjordane heng truleg saman med dette, skriv Fylkesmannen.

Breim Sau og Geit registrerar satsing.

Breim Sau og Geit registrerar at samtlege geitbønder som ynskjer å vere med inn i framtida som mjølkeprodusentar no satsar. Mange har auka produksjonen. Samtlege geitfjøsar er fornya innvendig i samband med saneringsprosessen. Mange har modernisert driftsapparatet og gjordt arbeidssituasjonen lettare i det daglege arbeidet.

Det var mykje diskusjon om denne pålagde saneringsprosessen kom til å bli enden på geitenæringa. Erfaringa som ein registrerer i sluttfasen av prosjektet er at nokre få i vårt område har valgt å avvikle. Dei aller fleste har gjordt eit bevisst val, fornya driftsapparatet og rusta seg for å satse inn i framtida. Friskare geiter, meir produksjon pr. geit og nye moderniserte bygningsmasser. Vi vågar påstanden at vi har fått ei meir robust geitenæring og produsentar som har modernisert for å satse og bli verande i næringa.