Breim Sau og Geit sitt styre ser tilbake på ei flott arbeidsår med mykje aktivitet.

Uten medlemmane hadde ikkje det vore muleg å gjennomføre den aktivteten som vi har. Medlemane er aktive og møter opp på det vi arrangerar og hjelper gjerne til. Tusen takk til alle som har vore med å bidrege.

Ein så store aktivitet hadde det ikkje vore muleg uten samarbeidet med Gloppen og Jølster Sau og Geit. Spesielt Gloppen har vore ein god samarbeidspartnar når det kom til ulike aktivitetar. Det har vore alt frå fjøsmøter til fagsamlingar og ikkje minst værekåringa, som vi hadde på fjordhestgarden. Takk for godt samarbeid !

Den store aktviteten vart spegla gjennom i årsmeldinga. Her fekk ein fram det viktigaste med aktivitetane, litt om statusen i næringa og mykje flotte bilder. Trur det var ei kjekk årsmelding å lese for medlemmane. 

På møte var det utsending frå Sogn og Fjordane Sau og Geit, han kom med rosande ord til lokallaga Breim og Gloppen , og speisielt dei to" trekkhestane" våre Vidar og Kjell.

Desse to legg ned ein stor innsats og brukar mykje tid på desse verva.

Trur ikkje det er mange lokallagsleiare som er så aktive som desse to!

På møte hadde Edvin Hugvik også en fagdel om bygg til sau og kva mekanisering som var på veg inn på den fronten no. Utruleg spennande og sjå plansjane til Edvin.

Ellers hadde Atle Løvland med smakebetar på geitost som vi fekk servert på skikkeleg "bymåte". Kvit fast Snøfrisk. God ost som vi håpar forbrukarane kan få augene opp for, så viss du er på Sandane er det berre og gå på Mega og kjøpe ost!

Dette er noke Atle har fått til, Tidlegare var ikkje osten og få i butikkane her i kommunen, men han har no fått Mega til og ta inn og teste den ut. Flott innsats Atle.

På årsmøte vart det også utnemnde to nye æresmedlemmar; Olav Skinlo og Rasmus Raad.  Velfortjent til begge to. Dei er forsatt aktivt med i lokallaget vårt og hjelper til der det trengs.  Flott at ein kan heidre ærespersonar.

Vi gjekk også gjennom aktivitet for arbeidsåret 2013 på møte, det kjem innvitasjonar og info om fagsamlingar og anna her på nettsida når det nærmar seg.

Det som er nærmast no er kurs på Jølster i løysing av skårfaste dyr, som vert 28 februar. Følg med for meir info.

Styret for 2013: 

Leiar: Vidar Sandal

Nestleiar: Janne Håheim

Sekretær: Reidar Sandal

Kasserar: Lars Myklebust

Øvrige: Jonfinn Bø, Atle Løvland

 

No satsar vi på eit flott arbeidsår med mykje god aktivitet!