Veldferd i lamminga er svært aktuelt i desse dagar. Fagkunnskap kring denne viktige perioden er avgjerande for resultatet komande haust når slakteresultata skal oppsummerast. 30 personar møtte denne kvelden. Lokallaga frå Gloppen/Hyen og Vikane var best representert denne kvelden. Ellers møtte både Breim og Jølster. Nestleiar i Breim Sau og Geit, Janne Håheim la grunnlaget for planlegginga av denne kvelden.

Vi starta kvelden med å vise DVD-en om velferd i lamminga på storskjerm. Filmen var på 50 minutt og var veldig utfyllande med mykje god kunnskap til sauebonden. Den gav ein svært grunnleggande kunnskap om tips og utfordringa som skulle gje bonden eit godt grunnlag for å planlegge og gjennomføre lamminga på ein best muleg måte. Deretter serverte vi tallerken med nydleg kjekjøt og det var muleg og kose seg litt med noko leskande frå barluka. Atle Løvland var primus motor for kvelden tallerkenrett.

Etter mat og god prat rundt borda starta veterinær Anne Berit Selle diskusjon og spørsmål kring kveldens tema.

Kvelden var tenkt som ein sosial kveld, kor næringa kunne samla seg i lag og det såg ut som deltakarane kosa seg.

Etterpå serverte vi pizza og gjennomførde ein quiz med 10 spørsmål som Janne hadde plukka ut, i frå aktuelle tema kring småfenæringa. Vi registrerar at slike sosiale samlingar er noko næringa bør arrangere meir av. Å kunne samlast lokallaga på tvers er positivt, både for å skape eit breiare miljø med større deltaking. Å bli kjende med fleire som driv med tilsvarande yrke kring i nærområda er miljøskapande. Vi oppfordrar både jølstringane og nedreglopparane å ta opp stafettpinnen. Godt samarbeid mellom lokallage gjev ein spire for meir aktivitet i nærområda.