Tema for kvelden var kva erfaringar Frode har hatt med den nye fjøsen og han forklarte dei frammøtte om korleis bruken var i denne typen fjøsbygning. Det var ein praktisk romsleg fjøs for 160 vinterfora sauer med ein mindre bruk av mekaniske innreiingar. Kombinasjonen med innsett av smågris i sommarhalvåret gjorde att bygget vart nytta jamnt gjennom heile året. Bruk av mange drikkeniplar, god lufting og inndeling i fleire romslege bingar gjorde fjøsen til ein triveleg arbeidsplass for bonden.

Småfeneringa går ei hektisk tid i møte med vårens vakraste eventyr med sesong for nyfødde lam. Det er triveleg å kunne samle småfenæringa med litt fagleg og sosial påfyll er eit fint avbrekk i ein ellers hektisk høgtid som nermar seg.

I sauehaldet er det også status med seniorrådgjevarar så dermed hyra vi inn Rasmus Raad for å fortelje dei frammøtte om sine tankar innan å vurdere haldet til sauen før lamming. Med over 60 års fartstid i sauehaldet var det mange av dei yngre som samla seg tett ved Rasmus for å lytte til ein sauebonde med mykje erfaring. Dei nyklipte og trivelege sauene til Frode vart vurderte av Rasmus og dei frammøtte. Det vart presisert kor viktig det var at sauene var så godt i stand som nettopp denne flokken til Frode var. Sauen skal mjølke godt etter lamming og derfor er det viktig med ein viss bruk av kraftfor i denne tida slik at lamma får ein god start i livet med mykje god mjølk.

Deretter flytta forsamlinga seg inn i eit triveleg lokale under ein garasje med litt kaffi og matøkt.

Fiskå Mølle presenterte temaet foring før og etter lamming ved fagsjef Kjell Rune Vik. Kunnskap kring foring er viktig for sauehaldet slik at bonden får ei best muleg drift og ein produserar eit produkt av ein god kvalitet. Bonden må samtidig tenke på verdien av å nytte mykje av utmarksbeite, samtidig som ein sit att med ein grei økonomisk overskot.

Steinar Evebø som nyleg hadde vore på sentralt møte i Nortura la fram tankar om situasjonen kring ei tid med overproduksjon av lammekjøt og presiserte signal om at det vert viktig framover å levere lamma til slakt tidlegare og at slaktemogne lam ikkje treng ei etterforing heime på garden før dei vert slakta.

Småfenæringa i Gloppen ynskjer at det vert sett meir fokus på verdien av at sauene nyttar heile sommaren på friskt utmarksbeite her i beiteområda våre og dette må verdisetjast betre av forbrukar. Det er viktig at næringa er bevisst på ein rettare og mindre bruk av kratfor til sau.

Gloppen i lag med Breim Sau og Geit ynskjer sauehaldet i kommunen ei god påske og ei best muleg lammingstid fram mot våren.