Ny teknologi som rullande forbrett og kraftforautomatar var noko av det som vart demonstrert for oss besøkande denne kvelden. Den lyse og romslege fjøsen romma i dag 56 sauer, men har ein kapasitet på snart det doble. Firmaet Fjøssystemer har levert det meste av teknologien. Sigbjørn Kirkeeide forklarte om tekniske og praktiske detaljar kring teknologien som vi trur vil kome i mange sauefjøsar rundt i fylket etter kvart. Jostein viste oss korleis den praktiske bruken fungerte og vi såg på kor lettvint det var å stelle sauene denne kvelden. Foret blir mata inn på det rullande bandet i eine enden og deretter bevegar bandet seg inn over i fjøsen.

Sauene er merkte med ein databrikke i øyret som inneheld informasjon lagra frå ei datamaskin. Her legg bonden føringar om kor mykje og kor ofte sauen skal kunne få lov å ete av kraftfor frå automaten, som er plassert inne i bingen hos sauen. Denne teknologien gjer at det er mykje lettare å kunne kombinere fjøsstell med anna arbeid utan om garden.

Etter fjøsrunda gjekk vi ut på den romslege og reine låven for matøkt. Den sosiale økta er viktig for ei næring som mykje av året er åleine heime på eigen gard,

Arve Arstein i saueprosjektet "Sau i Pluss" presenterte kva dei kunne bidra med for sauebønder som ynskjer å utvikle gardsbruket sitt med ombygging, påbygg eller nybygg. Han tok for seg litt om økonomi og ulike løysingar ein bonde kunne velge i forhold til samarbeidsformer naboar i mellom.

Det er underskot på sauekjøt og vi har eit landskap med gode forhold til å drive meir med sau. Næringa treng ei fornying og ei modernisering for at det skal vere attraktivt for neste generasjon å fortsatt ville drive med sau på garden.

Deretter tok Jostein Flølo i Sparebanken Sogn og Fjordane for seg ulika former og løysingar for økonomisk løysingar for bonden ved lån og praktisk ved generasjonsskifte og ulike aldersgrupper for lånevilkår.

Breim Sau og Geit vil i lag med Gloppen takke alle for ein triveleg kveld i lag.