Ullsentralen samarbeider med Breim Sau og Geit.
Breim Sau og Geit ynskjer at innsamling av ull i Breim skal gå smidigare enn det har gjort siste åra. Vi kontakta ullsentralen etter innsamlinga i 2014. Vi opplevde at dei feilberekna mengda ull i Breim. Då redda Odd Magne Støyva situasjonen med at han køyrde eit lass med lastebilen sin til Førde. Vi ringde Nortura i Førde og fekk lovnad om at innsamlinga den 2. Mars skulle gå smidigare. Vi fekk beskjed om at ulla i Kandal skulle leverast på Byrkjelo grunna at Sandane og Hyen fyller vogntoget sjølve, noko som dei og gjorde i år. Ulla for Kandal skal og framover leverast på Breim. Vi takkar alle leverandørane i Breim for tolmod, grunna årets utfordring med 30 minutt forseinka bil og nok ein gong for lite plass. Vogntoget kom frå Møre og fekk ikkje tak i kontaktpersonen i Breim. Takkar og Byrkjelo Maskin for lån av lagringsplass av dei 250 sekkane som bilen frå Førde kom og henta morgonen etterpå.
Vi kjem til å gje ullsentralen klar beskjed at vi er nøydde å stole på lovnaden om betre rutinar frå deira side. Styret i Breim Sau og Geit kjem til å vurdere om vi skal flytte oppsamlinga til plassen ved Breimshallen for å få litt betre plass til inn og utkøyring.