Værlamkåringa for 2014 vart avvikla på Norsk Fjordhestgard.

Dette har vorte god tradisjon at vi samlar alle lamma i Gloppen Kommune. Det møtte 121 lam.

Beste lammet i Norsk Kvit-klassa hadde Rune Gimmestad. Beste i klasse Spel hadde Bø Fellesfjøs. Anders A. Flølo fekk beste lammet i klasse Pels.

Denne felles kåringa samla mykje folk og dette gjev blest om sauenæringa. Det er bra for miljøet.

Den store hallen er god å ha ein slik dag. Det var eit godt samarbeid med Gloppen Sau og Geit med førebuing, gjennomføring av kåringa og nedrigging. Fjordhestgarden ordna med god matservering. I det heile ein sosial og triveleg dag med mange ungar tilstades. Ein fekk god avisomtale med nye utstillarar i fokus.