Kurset fylte seg raskt opp og jammen er det kjekt å arrangere når ein får med seg en slek kjekk gjeng.

Dei som deltok var : Mariann Rauset, Rolv Roger Mykland, Paal Flatjord,Nina Erichsen, Maria Langhelle og Janne Håheim.

Vi starta med presentasjon av oss sjølv og instruktør, så starta vi med treninga. Sauene var ikkje av dei enklaste, men dette løyste alle hundane bra med litt støtte av dei erfarne hundane til innstruktørane.

I hallen var det go plass, og dei som ikkje var nede og trente på sauene hadde god oversikt frå tribuna. 

Vi la opp til ei matpause, der fekk deltakarane sjå litt kva fagstoff der er å oppdrive på dvd fronten. Her gjekk praten laust om hund, lamming og paring. Det sosiale er nesten halve kurset.. Å jammen var dette en kjekk gjeng som kom på kurs. 

Her var mange lovande unghundar frammøtte, desse blir spennande å følge med på utover vinteren.

 

Vi rette ei stor takk til  instruktørane Margrethe Garlid og Knut Alsaker. Å sjølvsagt ei takk til alle som kom og deltok, dette var ein kjempe kjekk dag.

 

Vi planlegg ny trening i jula, for spm om dette henvend deg på epost :janne.haheim@gmail.com