Bilder frå Kåringa 1. Oktober på Jølster
noko lunde bra veir og ein god del folk møtte opp då dei 66 påmelde lamma var kåra.
Vi hadde tipping på vekt på ringværen til Inge Erikstad, og den var 84 kg. Men det var veldig gode tipping, vinnaren hadde 84,3 kg men det var ein som tippa 83.5 kg og ein som tippa 84,75 kg. Vi trekte og ut ein premie på alle som hadde tippa, og det vart tippar nr. 7. Jakob Andre Sandal. Jan Ivar Lofnes var det som tippa nermast vekta på 84 kg. Premiane som var Felleskjøp kjeledressar var som tidlegare sponsa av Felleskjøpet.
God suppe som leiaren i Jølster Sau og geit hadde laga, smakte godt.