Det vart lagt ut diverse ”kadaver”, som hunden skulle finne.  Det var imponerande og sjå korleis hunden jobba og kor fort den fant kadavera.  Ikkje berre fant den dei ”kadavera” som var lagt ut for demonstrasjonen, men den fant og  anna kadaver.
Etter demonstrasjonen , var det kaffi og enkel servering .
Tom Idar informerte og om kva ein skal gjer for å lære opp hunden, og kva som er viktig når ein skal leite etter kadaver.  I tillegg fekk han mange spørsmål frå dei frammøtte, som han gav svar på.
Det var ein flott og lærerik kveld, i eit nydeleg vær.

Stor takk til Tom Idar Kvam.
 
Jølster Sau og Geit/Vestre Jølster Beitelag